Plantefarging
av garn på Myaseter
Venabygdsfjellet
Lørdag 16. juli og lørdag 30. juli
kl 10.00 - ca 15.00
Før i
tida vart all farging av garn og tekstilar gjort ved hjelp av fargestoff
frå naturen. Blant anna planter, lav og sopp vart brukt. Plantefarging
er eit gamalt handverk. Fargene er ofte dempa og rolege. Det er spennande
å bruke det som naturen har å by på. Plantefarging
er ein måte å oppleve naturen på!
Opplegg
Vi startar med å gå ein tur
i området rundt Myaseter for å samle inn planter til å
farge garnet med.
Etterpå
koker vi plantesuppe og fargar garnet. Vi brukar om lag 5 timar på
plantefarginga. Dersom du ønsker opplegg som varer kortare eller
lengre tid, kan dette avtalast. Aktiviteten passar for grupper med to
til åtte deltakarar.
Når vi er ferdige med plantefarginga,
får du med deg garnet som du har farga, ei strikkeoppskrift og
oppskrift på plantefarginga du har vore med på.
Mat
Du kan velge mellom å få servert
lunsj (frå Venabu Fjellhotell) eller ta med niste.
Ta med
Plantefarginga foregår hovudsakleg utandørs,
så ta med sko og klede som passar til veret og utebruk!
Tidspunkt
Plantefarginga vil foregå på fastsette
dagar i juli. Grupper som ønsker andre dagar kan bestille.
Pris
Kr.550,- pr.person
Kr.750,- pr.person inkl. lunsj
Kvar ligg Myaseter?
Myaseter ligg om lag 2 km frå Venabu
Fjellhotell. Merka turistråk frå Venabu. Bilveg fram til
bom (ca. 500 m å gå).
Informasjon
Ta kontakt med:
Anne Berit Grasbakken, Slovarp
2630 Ringebu
telefon: 61281123 - fax: 61280744,
E-post: trsaeth@online.no