Muvatnet og Flåtjønnet
rundt
Generell info
Ein tur utan dei store utfordringane i lett fjellterreng på gode
stiar. Det er saufjell på heile turen i over 1000 m høgde
og avhengig av veret så krev det gode vindtette klede dei fleste
dagar i året.
Turen startar langs simpel bilveg og fortsett på godt råk
til Flåtjønn. Derifrå på sauråk i lett
terreng til Flåtjønnglupen. Til Ramshytta er det godt råk
på nedsida av Ramstindane og vidare til R27 går vi langs
bilveg
Start: Ved avkjøringa frå R 27 til Mubua ved Mybrua like
før parkeringa ved Muen.
Lengde: Omlag 15 km, tidsbruk 4t.
Kart: Ringebu 1818 III