Flaksjølia - Torsonbua - Venåssetra
- Kvanndalen
Generell info
Her er vi i området mellom skog og fjell, i vigga, med sitt spesielle
preg på natur og planteliv. Turen går i t.d. steinete råk
og siste del av turen går i snaufjell. Dette er områder som
har vore vesentlege for eksistensen på gardane i Venabygd til alle
tider med skogbruk, seterdrift, mosetak, fangst og fiske.
Turen startar langs seterveg, fortsett på T-råk over Geitlorthøgda
til Koietjønna, dårleg råk til Torsonbua. Frå
Venåssetra er det godt råk til Kloppbekken og langs den
till Klopptjønnet. Derifrå merka råk gjennom Kvanndalen
tilbake til Flaksjølia.
Start: Spidsbergseter.
Lengde: 20 km
Kart: Ringebu 1818 III
Tema
Seterbruket.
Ringebu var landets største seter-kommune før krigen.
Her i Flaksjølia er vi ved ei av dei få setrene som fortsatt
er i tradisjonell drift i bygda. Budeilokk(!?)
Utsikt mot Rondane.
Frå Geitlorthøgda er det fantastisk utsikt i alle retningar,
både Venabygdsfjellet, Sødorpkjølen og mot Rondane.
Torsonbua.
Vi legg turen om restane etter ein av dei mest avsides liggande boplassar
i bygda.
Venåssetra, ei seter med ei heilt spesiell historie, -
om stordrift og røveri.
Gråurda og sagnet om den.
Måssåbuene og tradisjonen om reinlav som dyrefôr.
Ulykker. «Fjellet tok sitt».
|

Venåssetra

Ved Torsonbua

Utsikt frå Geitlorthøgda
|