Plantefarging
av garn på Myaseter
Venabygdsfjellet
Lørdag 16. juli og lørdag 30. juli
kl 10.00 - ca 15.00
Før
i tida vart all farging av garn og tekstilar gjort ved hjelp av
fargestoff frå naturen. Blant anna planter, lav og sopp
vart brukt. Plantefarging er eit gamalt handverk. Fargene er ofte
dempa og rolege. Det er spennande å bruke det som naturen
har å by på. Plantefarging er ein måte å
oppleve naturen på!
Opplegg
Vi startar med å gå
ein tur i området rundt Myaseter for å samle inn planter
til å farge garnet med.
Etterpå
koker vi plantesuppe og fargar garnet. Vi brukar om lag 5 timar
på plantefarginga. Dersom du ønsker opplegg som varer
kortare eller lengre tid, kan dette avtalast. Aktiviteten passar
for grupper med to til åtte deltakarar.
Når vi er ferdige med plantefarginga,
får du med deg garnet som du har farga, ei strikkeoppskrift
og oppskrift på plantefarginga du har vore med på.
Mat
Du kan velge mellom å få
servert lunsj (frå Venabu Fjellhotell) eller ta med niste.
Ta med
Plantefarginga foregår hovudsakleg
utandørs, så ta med sko og klede som passar til veret
og utebruk!
Tidspunkt
Plantefarginga vil foregå på
fastsette dagar i juli. Grupper som ønsker andre dagar
kan bestille.
Pris
Kr.550,- pr.person
Kr.750,- pr.person inkl. lunsj
Kvar ligg Myaseter?
Myaseter ligg om lag 2 km frå
Venabu Fjellhotell. Merka turistråk frå Venabu. Bilveg
fram til bom (ca. 500 m å gå).
Informasjon
Ta kontakt med:
Anne Berit Grasbakken, Slovarp
2630 Ringebu
telefon: 61281123 - fax: 61280744,
E-post: trsaeth@online.no
