Muvatnet og Flåtjønnet
rundt
Generell info
Ein tur utan dei store utfordringane i lett fjellterreng på
gode stiar. Det er saufjell på heile turen i over 1000 m høgde
og avhengig av veret så krev det gode vindtette klede dei
fleste dagar i året.
Turen startar langs simpel bilveg og fortsett på godt råk
til Flåtjønn. Derifrå på sauråk
i lett terreng til Flåtjønnglupen. Til Ramshytta
er det godt råk på nedsida av Ramstindane og vidare
til R27 går vi langs bilveg
Start: Ved avkjøringa frå R 27 til Mubua ved Mybrua
like før parkeringa ved Muen.
Lengde: Omlag 15 km, tidsbruk 4t.
Kart: Ringebu 1818 III