Her er vi i området mellom skog og fjell, i vigga, med sitt
spesielle preg på natur og planteliv. Turen går i t.d.
steinete råk og siste del av turen går i snaufjell.
Dette er områder som har vore vesentlege for eksistensen på
gardane i Venabygd til alle tider med skogbruk, seterdrift, mosetak,
fangst og fiske.
Turen startar langs seterveg, fortsett på T-råk over
Geitlorthøgda til Koietjønna, dårleg råk
til Torsonbua. Frå Venåssetra er det godt råk
til Kloppbekken og langs den till Klopptjønnet. Derifrå
merka råk gjennom Kvanndalen tilbake til Flaksjølia.
Start: Spidsbergseter.
Lengde: 20 km
Kart: Ringebu 1818 III
Tema
Seterbruket.
Ringebu var landets største seter-kommune før krigen.
Her i Flaksjølia er vi ved ei av dei få setrene som
fortsatt er i tradisjonell drift i bygda. Budeilokk(!?)
Utsikt mot Rondane.
Frå Geitlorthøgda er det fantastisk utsikt i alle
retningar, både Venabygdsfjellet, Sødorpkjølen
og mot Rondane.
Torsonbua.
Vi legg turen om restane etter ein av dei mest avsides liggande
boplassar i bygda.
Venåssetra, ei seter med ei heilt spesiell historie,
- om stordrift og røveri.
Gråurda og sagnet om den.
Måssåbuene og tradisjonen om reinlav som dyrefôr.