Dørdalen er ein av sidedalane som til slutt samlar seg til
Våla elv med utløp ved Vålebrua. Dalen er rekna
for å vera Gudbrandsdalens største canyon. Den dannar
ei djup revne i landskapet, og mye av dalen har barskog som etter
kvart ber preg av urskog. Men dette er kulturlandskap som bygdefolket
har brukt i fleire hundre år, og som ein ser minne etter.
Turen går langs elva i tildels grovt terreng som krev godt
fottøy og noenlunde kondisjon.
Vi går langs Døra på dårlege råk
og er avhengig av å krysse elva fleire gonger. Avhengig
av vassføring så brukar det gå greit. Gjennom
Dørdalsberga er ein avhengig av lite vatn for å kome
fram. Turens lengde avpasses etter føre og kondisjon på
gruppa. Tilbaketuren langs same rute.
Start: Vi kjører bil frå Ringebu sentrum, innover
Stulsvegen og Døråmotvegen (bomvegar) til Døråmot.
Lengde: 8 km
Kart: Ringebu 1818 III
Tema
Landskapet og naturen er svært
spesiell til å vera i Gudbrandsdalen med stupbratte lier
2-300 m opp på fjellplatået. Her er urørd natur
og ein frodig flora.
Slåtteland.
Her er 300 år gamal tradisjon om utslåttar som ein
fortsatt kan sjå restar etter.
Fangst.
Området er eit eldorado for hjortedyr, som igjen har lokka
dei store rovdyra til dalen. Vi ser på fangstanlegg og jakthusver
ved Døråmot og på Kvanndalstunga.
Botanikk.
M.a. Fjellkvann (Angelica) er ei karakteristisk plante i dalføret
som har gitt Kvanndalen namn. Frå gamalt ei kulturplante
nytta som medisnplante og i matstellet.
Sagn.
I eit så dramatisk landskap har det vore dramatiske hendingar
attover i tida. Kor mye som er faktiske hendingar eller dikt kan
vera vanskelg å vita idag.